Marianne Molvær Nygård


4 tekstar...

Desse 4 små tekstane baserer seg på eit opphold eg hadde i London i 1985, som 18-år gamal au-pair. Dei er alle skrive ei god stund etterpå, 1997, då eg tok hovedfaget mitt ved Kunsthøgskulen i Bergen. Dei satte igang gode prosessar i studiet, og endte til slutt i ei lita bok eg kalla for "LONDON HJARTE".





Lord Nelson og eg

Natta saman med levande stein-løver
og Admiral Lord Nelson forgjeves skodande etter havet
gløymer å sjå ned på dei lyseblåe havfruene i miniskjørt
som sym forbi uanande om vinteren
i busskøen på Trafalgar Square
Blinkande trafikklys fortel om si einsemd
på vegen heim høyrer du kun dine klikk-klakkande fottrinn
sende ekko mot høge vern av mur
som brest inne i deg
og slepp innanfor heile Nordsjøen og all di sakn til den andre sida
kviskrar du "La oss sigle Admiral Lord Nelson..."





Helg

Trinity Crescent
med heimlause kattar spaserande på bricks-gjerder
rundt mognande pæretre og blåsande klesvask
Steinkyrkja let klokkene ringja ein laurdagssmak i munnen
medan Tandoori-lukter blandar seg med Kate Bush
"Running Up That Hill"
Frå mitt blømande rom
ser eg ned på svaiande negresser i 100% akryl-look. Made in Britain.






Mandag

Gjerda er ein lang plystrelyd i gata
der smijarnsportar glir forbi som voktarar av pastelle murhus
Heng armbånd av kjettingar rundt spirande grøne firkantar
der anker og ror har stranda i døyande petunia-bed
svir morgonen innvendig
og doggdropane gret saman med deg
i lengsel av brottsjø når ein måse flyg over
skrikande i kalde haust-sola







Tuben

Varm gummilukt reiser med deg opp
eviglange rulletrapper tek deg til himmels
ut frå dei lysegule årane til London
Mind the gap, please. Mind the gap, please. Leicester Square
Aldri åleine. Alltid åleine.
Svidde vindar tek deg, virvlar rundt mellom beige-kledde legemer
og bles ein ut til dei åpne elvane
der raude dobbel-deckarar køyrer rundt som viktorianske fyrtårn.